CPanel

For eit levande distrikts-Noreg!

Distriktet.no

  • IStørre skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift

Om oss

Distriktet er ein tverrpolitisk organisasjon for eit livskraftig Noreg!
Ta heile Noreg i bruk!

Velkommen til Distriktet.no

Velkommen til å ta i bruk heimesida til Distriktet.no. Har du synspunkt på noko av det som står på sidene, eller noko anna som gjeld distriktsutvikling, ta del i debatten.

Kontakt oss

Leiar: Inge Kolås, Follestaddalen, 6150 Ørsta. Epost: post@ingekolas.no
Sekretær: Eldar Høidal, 6220 Straumgjerde. Epost: eldar.hoidal@online.no
Heim Aktuell debatt Nye permitteringsreglar no!

Nye permitteringsreglar no!

E-post Skriv ut PDF
Finanskrisa har også råka distrikts-Noreg. Fleire industribedrifter har merka nedgang i etterspurnaden og har svara med å gå til permitteringar eller varsle oppseiingar i arbeidsstokken. Styresmaktene kjem snart med krisepakke som skal bidra til å få sving på hjula igjen. Vi vonar at det i krisepakka også ligg ei endring i permitteringsreglane for bedriftene. Slik det er no må over femti prosent av arbeidsstokken permitterast før NAV går inn og gjev dei permitterte dagpengar. Konsekvensen vert at mange bedrifter i staden for å permittere seier opp folk. Dette er svært uheldig. Kompetansen hos dei tilsette er bedriftene sin viktigaste kapital. Dersom tilsette i ei bedrift vert sagt opp og finn seg arbeide i andre bedrifter, vert verdfull kompetanse tapt, kanskje for godt. Slik kunne det godt ha vore dersom dette var ei langvarig endring i dei økonomiske rammevilkåra. Men det alle økonomar seier er at dette er ein periodisk, og vonleg kort nedgangskonjunktur. Nett difor er det viktig at bedriftene får høve til å behalde kjernekompetansen sin. Det er god ressursforvaltning av det offentlige å justere permitteringsreglane no!
Kommentarar
Legg til Søk
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:
:):grin;)8):p:roll:eek:upset:zzz:sigh:?:cry
:(:x

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

 

Siste kommentarar