I Sunnmørsposten onsdag 21. januar i år er der eit intervju med Agnar Aas , som er direktør i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Intervjuet har overskrifta ”Skuldar på dårleg saksutreiing frå Statnett”. Teksten handlar om konsesjonssøknaden for monsterlinja Fardal- Ørskog. Kritikken av saksutgreiinga kjem ikkje heilt uventa. Døme: I tilleggssøknaden av februar 2008 skriv Statnett side 133 at …Vi kjenner i dag konkrete planer for tre ulike større industriprosjekt i dette området (Elkem Solar i Svelgen, steinindustri på Vevring i Naustdal og Lutelandet/ elektrifisering av Gjøafeltet i Nordsjøen)…
På eit møte hausten 2008, der NVE og Statnett var representerte, og der ordføraren i Bremanger også var til stades, vart det sagt klårt frå om at for Svelgen sin del så var dette grov feilinformasjon. Ordføraren kjende ikkje til slike konkrete planer. Vi kan elles vise til eit brev om saka frå Elkem Solar AS ved HR-Manager Gunn-Marit Eriksen:
”Vi holder nå på å ferdigstille vår nye Solarfabrikk i Kristiansand. Det har hele tiden vært en plan om videre ekspansjon i solmarkedet, men her er det ingen konkrete planer enda. Det har vært gjort en site-vurdering på aktuelle geografiske steder. Et av kriteriene har vært tilgang til kraft, kraftpriser og langsiktige avtaler på kjøp av kraft. Norge kommer ikke særlig godt ut på dette kriteriet, heller ikke på andre lønnsomhetskrav. Men for å understreke det: ingen beslutninger er tatt på valg av ny site.”
På det nemnde møtet hadde korkje Statnett eller NVE noko å svare på avsløringa. I ettertid har eg ikkje fått melding om at feilen er retta. Har dei to store kanskje enno ikkje kontrollert opplysningane? Kva skal vi med høyringsmøte der ingen lyttar? Er alle desse dyre møta haldne berre for syns skuld? Er det pro-forma-møte det er tale om? Bygdafolk har god grunn til å kjenne seg haldne for narr av dette nedlatande spelet.
Korleis kan det ha seg at eit statleg selskap som Statnett i eit så viktig og dyrt dokument som denne konsesjonssøknaden, eit dokument som dreiar seg om milliard-investeringar og store, øydeleggande naturinngrep, skriv påstandar som ikkje er i samsvar med dei sanne tilhøva? Eg vel likevel å tru at dette ikkje er overlagd løgn. Kva slags motiv skulle tilsette i Statnett ha for å lyge? Er grunnlaget for konsesjonssøknaden verkeleg så tynt at her må farast med usanning ? Eg trur heller at søknaden er eit stykke unøyaktig venstrehandsarbeid. Der er kort og godt for mykje slurv. Men det skulle då ikkje vere mogleg at godt betalte (og vel utdanna ?) tilsette i Statnett utan vidare trur på lokalt lausprat om bygging av ein ny, stor fabrikk i Svelgen, for så å setje dette surret ukontrollert på prent i ein offentleg søknad. Statnett må då vite å kontrollere kjeldene sine!
Ei mogleg forklaring om klønete venstrehandsarbeid reiser nye spørsmål: Korleis er det med resten av søknaden? Er her mykje av same svake kvaliteten andre stader også? Er sjølve forma på søknaden tendensiøs eller ikkje? Er dei mange manipulerte bileta i rapporten langt vakrare enn det verkelegheita vil vise, og på den måten sterkt vill-leiande? Er biletutvalet i søknaden elles representativt og nøytralt? Eller kan det seiast å bagatellisere skadane? Er til dømes det som blir sagt om sjøkabling i søknaden grundig nok utreia?Ei skikkeleg avgjerd er svært avhengig av ein skikkeleg søknad. Vågar NVE verkeleg å legge til grunn noko av det som Statnett skriv i denne søknaden?
Dersom ei seriøs verksemd i næringslivet hadde fått levert ei utgreiing med punkt av ein slik påvist diskutabel kvalitet som vi finn i denne konsesjonssøknaden, er det rimeleg å tru at heile utgreiinga ville blitt kassert, og at nye og meir kompetente fagfolk i eit anna firma hadde fått i oppgåve å lage ein ny og påliteleg søknad. Så får heller Statnett ta seg tid til å rydde opp på kammerset. Det er alltid trist å omplassere folk, men stundom er det naudsynt. Det bør vere uråd for NVE å handsame ein konsesjonssøknad som dokumentert inneheld grunnleggande feil og manglar. Vi får tru at NVE held eit hakk høgare kompetansenivå i viktige forvaltningssaker enn det Statnett har lagt for dagen så langt i denne saka.
Roald Solheim| Kommentarar |
|






Norge har ingen hovedstad, men har et...