Fredag 24. april 2009 hadde olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (41år) eit lesarbrev i ei regionavis under overskrifta ”Rett til nett”. Kanskje brevet er ei trøyst til tidlegare Senterpartiveljarar som vurderer å byggje småkraftverk? Visse selskap vil vere med på slikt. Dei kjem med ferdigskrivne kontraktar og søte kaker. Kontraktane er svært gunstige - for selskapa. Vel bøndene andre samarbeidspartnarar, kan det bli vanskeleg med linjekapasiteten. Men Oslo-avisene fokuserer ikkje på slikt, så dette veit ikkje statsråden. Med den forma som minister-brevet har fått, vil nok mange diverre tolke teksten som ei halvkveda vise med langt på veg ja til 420-kV-luftspennet Fardal-Ørskog . Kva som måtte vere Riis-Johannesen sitt eigentlege ærend, spelar mindre rolle. Skaden er no eit faktum.
Statnett kan ikkje garantere at den frykta Monsterlinja blir det siste store luftspennet mellom Møre og Sogn. Kommunane som får linja tredd nedover seg, er sterkt opprørte. Ordførarane krev kabelalternativet skikkeleg utreia. Statnett nektar. Somme meiner vi kan byggje gasskraftverk i Romsdal, og slutte med hykleriet der vi brenn gassen i utlandet, og spelar miljøheltar her heime. Mange meiner at luftspenna, småkraftverka og vindmølleparkane i sum tyder ei for stor belastning på naturperla Vestlandet. Dei krev at staten skal leggje søknadene til sides til vi har fått ein skikkeleg plan for landsdelen. Det bør setjast ned ein brei kommisjon som får i oppgåve å komme med framlegg til ein ny, samla plan for utbyggingane. Skal Vestlandet i framtida bli berre ein strengstrypt og avfolka energiproduserande region ? Eller skal landsdelen vere noko meir? Er det Oslo-kameratane som i tilfelle skal avgjere dette åleine, eller skal folk på Vestlandet også takast med på råd, og ikkje berre bli snakka etter munnen i tallause høyringsmøte der ingen frå Oslo lyttar aktivt?Tidspunktet statsråden har valt for lesarbrevet er maksimalt uheldig. Konsesjonssøknaden for Fardal-Ørskog er under behandling i NVE. Prøver statsråden å påverke arbeidet til NVE? Brevet er i alle høve ei uhyre klossete greie, og set pinlege spørsmål om politisk og administrativt kompetanse. Departementet til Riis-Johansen er ankeinstans i saker som dette, og det er mykje truleg at den avgjerda NVE gjer, blir anka nettopp til Olje-og energidepartementet. Spørsmålet er om Terje Riis-Johansen no er skikka til å leie ankehandsaminga? Har han gjort seg sjølv ugild i denne saka? Statsråden har ikkje berre skote seg sjølv i foten, han har også lagt nok ein stein på børa til statsministeren. Statsråden har heller ikkje gjort det lettare for oss på Vestlandet som framleis har stor sans for Liv-Signe Navarsete og Per Olav Lundteigen. Kva parti skal vi stemme på no? Men eitt er sikkert: Vi ofrar ikkje arvesølvet Vestlandet for nokre maktlause, mottetne taburettar. Der går grensa.
Roald Solheim
Del på sosiale medie:
| Kommentarar |
|







Norge har ingen hovedstad, men har et...