Sex and the city heiter ein trendy TV-serie frå USA. Programtittelen meir enn antydar at sex er best i byane, og ikkje minst, at det er der dei sexy menneska held til. No viser ei stor norsk samlivsundersøking at det er motsett. At det er folk i distrikta som har det beste sexlivet.
Det er altså ikkje som det går fram i ymse TV-seriar at utbytet av sexlivet stig proposjonalt med antal sexpartnarar du har. Kanskje det like gjerne er motsett; at utbytet av sexlivet er meir avhengig av rom og tid enn av tilgangen på attraktive og nye sexpartnarar?
Det er Dagbladet som gjennom si landsomfattande sexundersøking avslørar at folk i distrikta er meir fornøgd med sexlivet sitt enn folk i byane. Dei har fått nokre samlivsekspertar til å kommentere resultata, mellom dei Espen Benestad. Han uttalar: Oslo-folk sitter oftere i bilen og bruker mer tid på å være agressive. Det er ikke noe å ta med seg hjem til et seksualliv. Psykolog Frode Thuen støtter Benestad: Karrierejaget og tempoet er høyere i Oslo. I byene har man dessuten høyere forventninger til hvordan man skal leve livet.
Var det ikkje det vi visste: Sexlivet spesielt og livet generelt i byane er oppskrytt. Vi ser fram til neste TV-serie frå Hollywood; Sex and the district!
Eldar Høidal
| Kommentarar |
|






Norge har ingen hovedstad, men har et...