CPanel

For eit levande distrikts-Noreg!

Distriktet.no

  • IStørre skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift

Om oss

Distriktet er ein tverrpolitisk organisasjon for eit livskraftig Noreg!
Ta heile Noreg i bruk!

Velkommen til Distriktet.no

Velkommen til å ta i bruk heimesida til Distriktet.no. Har du synspunkt på noko av det som står på sidene, eller noko anna som gjeld distriktsutvikling, ta del i debatten.

Kontakt oss

Leiar: Inge Kolås, Follestaddalen, 6150 Ørsta. Epost: post@ingekolas.no
Sekretær: Eldar Høidal, 6220 Straumgjerde. Epost: eldar.hoidal@online.no
Heim Aktuell debatt Dei attkjennelege Vassendgutane

Dei attkjennelege Vassendgutane

E-post Skriv ut PDF

Vassendgutane

Det kjem mykje godt frå bygdene. Vassendgutane frå Åmdalen i Ørsta er eit døme på det. Etter at dei gav ut den første plata si i 2000, Pylse og konjakk, er det stadig fleire nordmenn som har blitt merksame på dei friske country-musikarane. Dei syng på uforfalska Ørsta-dialekt om ting som skjer på bygdene, slik at folk kan kjenne seg igjen. I år kom Vassendgutane ut med den fjerde CD-en sin. Før plata XO var ferdig var det føreåtselt 20.000 eksemplar. Seinare har det gått unna meir enn 60.000 plater til. Vassendgutane frå Åmdalen i Ørsta toppa ei stund den viktigaste hitlista i landet, VG-lista. Bandet som starta med revyunderhaldning i ungdomshuset i enden av Vatnevatnet i Åmdalen i 1996, har blitt meir enn eit bygdefenomen. Dei har gjort suksess på trendy Rockefeller i hovudstaden. Dei har spelt for fulle hus i Ålesund, Stavanger og Tromsø. Uansett kvar dei kjem kan publikumet tekstane deira og syng med.

 

Kva er det med Vassendgutane som kan forklare denne suksessen? Ein av frontfigurane, Sindre Aam, meiner det er langsiktig jobbing og speling på festivalar gjennom fleire år som har lagt grunnlaget. Men det tålmodige arbeidet i country-miljøet forklarar ikkje kvifor unge og eldre på vestkanten i Oslo, studentar i Bergen og kontoristar i Tromsø plutseleg byrja å nynne på songar om Reidar som spreier gjødsel og kvinnfolk som stappar silikon i tattane. Det må liggje nok meir bak. Eg trur det er den gode miksen av lette og fengande melodiar og humoristiske og attkjennelege tekstar som ligg bak. Vassendgutane har i tillegg ein folkeleg og lett eksotisk appell til byfolk og andre som er på leit etter noko nytt. Den offisielle medie-humoren og det meste av listepopen elles verkar blankpolert og føreseieleg. Så kjem Vassendgutane å breier sitt glade bodskap om gjødselspreiing og Ford Granada med wunderbaum. Dei gjev oss noko handfast og attkjenneleg, for som mange har sagt skal ein ikkje skrape mykje på ein nordmann før ein kjem ned i primærnæringslaga!

God miks

Vassendgutane utfordrar utvilsomt det politisk korrekte. Dei er intellektuelt heilt upretensiøse og skriv tekstar som i form og innhald avspeglar den uakademiske samtalen folk i mellom ute på bygdene. I 2005, då plata Ungkar med dobbelseng kom ut, var yngste dotter mi ti år. På forbausande kort tid lærte ho seg alle tekstane utanboks. Platene vart spela om att og om att til tekstane sat fastspikra i minnet. Tiåringane var kanskje ikkje Vassendgutane si primære målgruppe og mange foreldre reagerte negativt på bannskapen i nokre av songane. Men at Vassendgutane hadde treft noko i folkedjupet som andre ikkje greidde å finne fram til var heilt klart. Ved sida av dei jordnære tekstane må ein også trekke inn det musikalske for å forklare kvifor dei fekk slikt gjennomslag. Musikarane har gode individuelle kvalitetar og hentar inspirasjon frå folkemusikken både heime og ute, slik ein ser det i instrument-samansetjinga i gruppa. Her er både trekkspel og steel-gitar, både landskappleik og Nashville.

MålprisDet gjekk tre år til oppfølgjaren, XO, kom ut tidlegare i år. Forventningane til den nye plata var høge. Mottakinga var blanda, som venta kunne vere. Vassendfansen var begeistra, skeptikarane vart meir skeptiske.

Vassendgutane gjer lite for å tekkast smaksdommarene i det offentlege rommet, i NRK eller i andre media. Dei gjer seg medvite så folkelege som råd. Nokre vil nok meine at dei opererer i dei lågkulturelle laga. Og Vassendgutane vert neppe fornærma av ein slik karakteristikk. For mange, ikkje minst i deira heimemiljø på Sunnmøre står deira omgang med alkohol i tekstar og i praksis som problematisk. Vassendgutane voks musikalsk fram i miljøa rundt country-festivalane på landsbygda. Desse festivalane er ikkje nett kjende som fråhaldsarrangement. Gutane ønskjer å vere tru mot dei som har følgt dei heile karrieren og svinger gjerne ølboksane medan dei oppmodar publikum om å drikke med. I eit intervju med Sunnmørsposten nyleg forklara Vassendgutane Sindre Aam og Arthur-Johan Bjørdal dette trekket med at det er viktig å vere på samme stille som publikum under konsertane og dansane. Kanskje er dette ein av dei sentrale forklaringsfaktorane bak Vassendgutane sin suksess. Deira dedikasjon overfor det trufaste publikummet og den gode kjemien i møtet mellom musikarar og dei medsyngande ”deltakarene” på konsertane deira.

Pusterom

Nokre av oss liker å lytte til Vassendgutane sjølv i edru tilstand. For meg er dei viktigaste kvalitetane deira at dei formidlar livet på bygdene dei kjem frå med humor og ironi og med drivande melodiar som inviterer til rørsle. Skal ein ha påfyll for samfunnsendrande aktivitetar må ein søkje andre kjelder. Men av og til kan det vere greitt å berre ha det kjekt. Kanskje er svaret på Vassendgut-fenomenet så enkelt som dette: At vi i ei komplisert og uoversiktleg tilvære av og til søkjer til det enkle og glade for å få det nødvendige pusterommet?

-

Billettekst: Musikarane i Vassendgutane er mellom årets mest omtalte sunnmøringar. Tidlegare i år toppa dei VG-lista som viser dei mestseljande platene i landet, ein solid prestasjon av amatørmusikarar frå Åmdalen i Ørsta.



Del på sosiale medie:
Kommentarar
Legg til Søk
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:
:):grin;)8):p:roll:eek:upset:zzz:sigh:?:cry
:(:x

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

 

Siste kommentarar