UNESCO (United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization) er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Organisasjonen sitt mandat er å arbeide for fred og tryggleik ved å fremje samarbeid mellom nasjonar innan dei fire nemnde områda. Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med omland kom i juli 2005 på UNESCO si liste over verda sineviktigaste kultur- og naturverdiar (World Heritage List). Alle jubla og sa dei var glade og stolte over dette. Utpeikinga er ei kraftig påminning til oss om kva verdiar vi har forvaltningsansvar for.UNESCO vil ha oss til å tenkje. Det er ikkje berre desse to små fjordarmane som kan kallast verdsarv. Også det mellomliggande landskapet er like vakkert og verdfullt, og sjølvsagt ein rikdom som vi skal ta vare på og levere uskada vidare til nye generasjonar.Så presterer altså Statnett , på vegne av kortsynte oppdragsgjevarar, å søke om å bygge eit troll av ei høgspentlinje heile vegen frå Fardal i Sogn til Ørskog på Møre, midt gjennom vakraste omlandet til verdsarven. Lina blir etter planen over 30 mil lang. Er avstanden mellom dei skyhøge mastene 300 meter, talar vi om tusen master.Til kvar mast går det kanskje 10 tonn galvanisert stål. I tillegg kjem dei seks tjukke trådane mellom mastene. Du kan sjølv rekne ut kor mykje framandt metallskrot Statnett vil plassere i naturen til etterkommarane våre.Statnett-søknaden var først til behandling hjå Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE). Dei gav grønt lys. I tillegg lovprisa NVE Statnett for ein god søknad. Om dei har lese søknaden skikkeleg, veit vi ikkje. Andre som har lese dokumenta, har funne både feil og manglar, i tillegg til at forma er svært provoserande med mellom anna merkeleg tillaga amatørfoto som skal prove kor lite synleg styggedommen angjeveleg kjem til å bli.



Nyheter


Mykje vil ha meir! Eg kom til å tenke på dette ordtaket då eg las om Posten Norge sine gode rekneskapsresultat for 2005 nyleg. Over 1 milliard i overskot kunne den tidlegare statsbedrifta notere. Trass i det gode resultatet rasla direktøren med sablane over postkontor i det langstrekte landet vårt. Dersom ein la ned om lag 150 postkontor kunne overskotet bli endå større; 500 millionar større hadde dei funne ut.