CPanel

For eit levande distrikts-Noreg!

Distriktet.no

  • IStørre skrift
  • Standard skriftstørrelse
  • Mindre skrift

Om oss

Distriktet er ein tverrpolitisk organisasjon for eit livskraftig Noreg!
Ta heile Noreg i bruk!

Velkommen til Distriktet.no

Velkommen til å ta i bruk heimesida til Distriktet.no. Har du synspunkt på noko av det som står på sidene, eller noko anna som gjeld distriktsutvikling, ta del i debatten.

Kontakt oss

Leiar: Petter Vatn, Epost: petter_vatn@yahoo.no
Sekretær: Eldar Høidal, 6220 Straumgjerde. Epost: eldar.hoidal@online.no

Heim Aktuell debatt 1.mai 2010: Ministrar med mål og meining

1.mai 2010: Ministrar med mål og meining

E-post Skriv ut PDF

Av Roar Solheim

Industriflaggskipet vårt, Norsk Hydro, har 23 000 medarbeidarar i meir enn 40 land, og verksemder på alle kontinent. Brorparten, om lag 67% av eigarinteressene i Hydro, er på norske hender. Den norske staten eig åleine 43,8 %. Staten Qatar ligg på den arabiske halvøya. Qatar er eit emirat med 1 300 000 innbyggarar (juli 2008). Norsk Hydro har investert tusenvis av millionar norske kroner i ein diger aluminiumsfabrikk og eit stort kraftverk utan CO2-rensing i landet. Noreg har altså, trass fagre ord, bygd eit stort gasskraftverk utan reinsing i Qatar. Men slikt kan ikkje regjeringa tillate her heime. Det hadde rett nok fjerna alt tenkeleg grunnlag for pratet om kraftunderskot på Møre. Men nei, då blir det global miljøkatastrofe. Hykleriet lenge leve!

Til saman er det investert rundt 33 milliardar kroner i prosjektet. Norsk Hydro har leia bygginga. Dei fleste av dei rundt 20.000 tilsette var asiatiske framandarbeidarar som jobba for luseløner. Arbeidarane fekk ikkje ein gong lov til å organisere seg. Det er ikkje uventa om 1000 lågtløna uorganiserte framandarbeidarar held fram i drifta av fabrikken. Allereie i desember i fjor starta produksjonen av aluminium i Qatalum fire mil sør for Qatar sin hovedstad Doha. Den 12. april 2010 vart vedunderet offisielt opna. Sjølvaste Kronprins Haakon Magnus av Noreg tok fri frå miljøarbeidet sitt her heime og var absolutt til stades. Han velsigna Qatalumfabrikken med lågtløna arbeidarar, forureinande gasskraftverk og elles heile pakken. Eit skikkeleg kongsemne skal kunne brukast til alt!

Ved utgangen av året skal Qatalumverket komme opp i full produksjon, som er 585.000 tonn i året. I følge “Nøkkeltall Hydro 2008-2009” leverte Hydro Sunndal til samanlikning 468.548 tonn ferdigprodukt i 2008 og 411.027 tonn i 2009. Vi ser at forventa årsproduksjon i Qatalum langt vil overstige årsproduksjonen i Sunndal. Den elektriske energien er billeg i Qatalum. Han kjem som nemnt frå eit stort gasskraftverk utan CO2-rensing. Dei som skal arbeide på verket i Qatalum får, som også nemnt før, langt lågare løn enn dei tilsette i Sunndal. Dette gjer i sum at aluminiumen frå Qatalum blir mykje billegare på verdsmarknaden enn metallet frå Sunndal. Etterspurnaden etter aluminium er svært avgrensa. Hydro hevdar at produksjonen i Qatar berre er for den asiatiske marknaden. Dette er å kaste sand i augene på folk. Norsk næringsliv og norske offentlege verksemder kjøper metall der det er billegast, og det er i Asia. Det same gjer resten av Europa. Denne handelen har gått føre seg i lang tid, og både Hydro, Stoltenberg og Riis-Johansen veit dette til overmål..I klartekst tyder den “norske” aluminiumsfabrikken i Qalatan at Hydro trappar ned på Sunndalsøra. Dette er kanskje ei fjør i hatten for direktørane i Hydro og dei politiske medløparane deira, men for folket i Sunndal er dei ein katastrofe. Dette er distriktspolitikk som Riis-Johansen og SP må vere svært stolte av å stå bak!Stoltenberg og Riis-Johansen har tvillaust hatt kunnskap om planane til Hydro og konsekvensane av desse i fleire år. Staten er storaksjonærar i Hydro. Dette fører oss til ei anna sak. Statnett vil bygge tusen skjemmande ståltårn i opptil 44 meters høgde gjennom hjartet av vakraste Noreg. Nordvestlandet manglar kraft, seier dei. Det er feil. I tillegg kjem det at det store sluket av elektrisk vasskraft som Hydro-Sunndal til no har nytta seg av, vert disponibelt om kort tid. Ørskog-Fardal-luftspennet er eit unaudsynleg skadeprosjekt som det har gått prestisje i. Likevel vil regjeringa sjølvsagt godkjenne planane, som dei godkjenner så mangt anna. Ei svært dyr storlinje som vi ikkje har bruk for, og som vil skade landet, blir bygd. Og kronprinsen kjem til opninga. Kva ville Gerhardsen, Gustavsen og Borten sagt? Roald Solheim



Del på sosiale medie:
Kommentarar
Legg til Søk
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

 

Siste kommentarar