Pose og sekk

Skriv ut
Share

Av Kjetil Tandstad

Vi er så få her i landet. Og vi møtest så sjeldan. Og når vi endeleg møtest, har vi sjeldan tid til ein prat. Det gjeld ikkje minst i vårt grisgrendte område av fedrelandet her vi må springe beina av oss etter alt vi må ha.

Bygdene blør. Ungdommen flyttar og arbeidsplassane rømer etter. Snart er det berre pensjonistar igjen. Det som trengst er eit nytt kulturhus med kafé og kunstgalleri, formiddagskonsertar og eldrebingo. Det er ei skam og eit sakn at kommunen ikkje har ei scene som stettar krava for omreisande teater. Om ikkje akkurat for vår eigen del. Men vi tenkjer på den oppveksande slekt. Dei blir kanskje buande i heimbygda om vi kan lokke med eit skamlaust amfi og det siste frå Jon Fosse på ei scene med internasjonale mål.

Eit godt lokalsamfunn treng sin eigen nærradio for å knyte oss saman og skape samhald med quiz og årgangspop. Vi bør ha hotell med spa og gjerne ein nattklubb for turistane. I det minste bør det vere grunnlag for ein skikkeleg pub. Vi høyrer til dei som er villige til å gå langt for halde den lokale skjenkjestaden gåande gjennom vinteren, men vi kan ikkje gjere det åleine. Vi etterlyser den gode gamle dugnadsånda. Blir puben borte, er kanskje Posten den neste. Så reiser dyrebutikken og dermed er avfolkinga i full gang. Berre frisørane blir igjen, men vi kan ikkje alle leve av å klippe kvarandre. Vi må ha nokre hudterapeutar og solstudio også, om vi skal få barnefamiliane til å flytte tilbake.

 

For bygdefolk gjeld det ikkje å misse tilbod, endå så vanskeleg det er å halde liv i alt vi har gåande. Vel har vi frivillige organisasjonane som dekkjer heile sektoren frå kriminelle motorsykkelgjengar til Tempelriddarordenen. Vi har kor og korps, golfklubb og strikkekafé. Kinoen er truga og dei vaksne må ta ansvar. Ungdommen har alltid sett filmane før. Dei lastar dei ned frå nettet så snart dei er sleppte. Heimekinoanlegget i kjellarstua har surroundlyd og der er det ingen som protesterer om dei legg beina på salongbordet. Likevel flyttar ungdommen ut og vil heller bu på tronge hyblar i hovudstaden enn i kjellarhusværet heime hos ho mor. Det er så mykje som lokkar og dreg. Helst skulle vi ha hatt eige symfoniorkester og fotballag i eliteserien for stoppe ungdommens flukt. Utan eit breitt kulturtilbod kan ikkje noko lokalsamfunn konkurrere.Og så må vi ha kjøpesenter for å stoppe handelslekkasjen. Når industrien flaggar ut og tek fabrikkporten med seg, kjem store ledige sentrumstomter til syne. Arkitektar og utbyggjarar er straks på pletten med forslag om korleis ein kan sikre at pengane våre blir verande. Dei foreslår alt vi har bruk for; kulturbygg med bowling og fontene og strandpromenade med gjestehamn.

Det får så vere at prosjektet etter kvart kokar ned til den vanlege handlehangaren med høgt prisa utsiktshusvære på toppen. Utkantpolitikarar forstår det så inderleg vel: Konjunkturane bestemmer.Slik blir det kjøpesenter og parkering på den beste tomta. Påkosta handlegater med skifer på fortaua og sitjegrupper i hoggen stein hamnar i bakevja. Butikkane flyttar under tak og til innetemperatur. I den gamle hovudgata er det berre ein og annan skater med lommene fulle av sprayboksar som kjenner ansvar for å setje liv og farge på miljøet.

Nei, vi seier ikkje nei til nye tilbod. Snarare tvert imot. Skal vi lokke heim urbane ungdommar må vi ha alt som byen kan tilby dei. Vi må ha folkeliv og fullt trykk og framande tungemål i gatene. Og skulle vi ikkje kunne ha gateseljarar og musikantar og rumenske tiggarar like vel som alle andre?Yes, we can! Vi er så få her i landet og vi møtest så sjeldan. Når vi doblar handlearealet, møtest vi diverre berre halvparten så ofte. Det vi kan gjere , er å handle dobbelt så mykje og bruke dobbelt så lang tid når vi gjer det. Slik held vi trykket oppe og bevarer bygda som ein attraktiv plass å bu.

Velkomen til oss!

Kjetil Tandstad



Del på sosiale medie:
| Meir...
Kommentarar
Legg til Søk
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."