Manglar heilskap i næringsutviklinga

Skriv ut
Share

Underteikna er blant dei mange som har følgt saka om dei to unge etablerarane på Skarbøen, Rolf Skarbø og Trine Funderud, med interesse. Dei ønskjer å setje småbruket ved Hjørundfjorden i ein slik stand at dei mellom anna kan drive grøn omsorg på garden.

 

Dei unge etablerarane har kjent seg motarbeidde av teknisk avdeling i Ørsta kommune, men i siste utgåva av Møre-Nytt les vi at saka ser ut til å løyse seg ved at teknisk sjef tilrår dispensasjon frå kommuneplanen og godkjenner bygging av ny stall og ridebane. Så langt alt vel. Men Møre-Nytt har også teke med nokre fleire detaljar frå den såkalla positive tilrådinga frå teknisk avdeling. Her går det mellom anna fram at Skarbø/Funderud må lage ei risiko- og sårbarheitsvurdering av tiltaket for å avklare om det kan medføre nokon tryggleiks- og beredskapsmessige konsekvensar. I tillegg går det fram at nyetablerarane må lage fullstendig søknad med teikningar, situasjonskart og terrengprofilar, og ansvarsrettar for søkjarfunksjon, prosjekterande, utførande og kontrollerande. For å avrunde den ”positive tilrådinga” opplyser kommunen sine folk at Skarbø/Funderud må rekne med å betale vel 11 000 kr i handsamingsgebyr.

Her er det vanskeleg å finne att Ørsta kommune sin tradisjonelt positive måte å ta imot nyetablerarar på. For nokre tiår sidan var Ørsta den kommunen som var mest attraktiv blant nyetablerarar i distriktet, mellom anna i ein bransje eg kjenner godt, møbelbransjen. Kommunen hadde ei administrativ og politisk leiing som la seg i selen seg for å leggje til rette for dei som ville i gang med ny verksemd. Det gjaldt mellom anna framskaffing av gode og sentrale næringstomter, generelt god infrastruktur, rimeleg og stabil kraft og eit hjelpande byråkrati. For kort tid sidan la leiar for næringskontoret, Martin Foldal, fram tal som viste at Ørsta kommune var blant dei kommunane i fylket som hadde flest aksjeselskap og personlege firma pr. innbyggar. Slik såg det ut til at dei gode tradisjonane for tilrettelegging framleis var godt ivaretekne i Ørsta. Difor kan eg ikkje tru at Møre-Nytt kjem med heile biletet når dei presenterer kravlista som kommunen har laga til for Skarbø/Funderud. Det må vere ei bakside på arket som Møre-Nytt ikkje har referert. Der vil det etter god Ørsta-tradisjon stå korleis kommunen kan hjelpe det unge paret med å få utarbeidd ei sårbarheitsanalyse, og korleis dei kan hjelpe dei med å få laga plankart som vil vise korleis dei planlagte tiltaka best kan tilpassast terrenget. Så vil det også stå at ein ved å vende seg til Næringskontoret i Ørsta kan få tilgang på fond som er oppretta nett for etablerarar som Skarbø og Funderud, fond der dei kan få dekt nokre av utgiftene dei vil ha i etableringsfasen.

Viss det ikke finst ei slik bakside til kravlista har Ørsta blitt noko anna enn det kommunen var då han trekte til seg nyetablerarar mellom anna frå min noverande bustadkommune, Sykkylven. Og viss det er slik at nyetablerarar som vil få til noko på marginale småbruk på bygdene ikkje vert hjelpte meir den dette: Kan det han samanheng med måten næringsarbeidet er organisert på i Ørsta kommune? Næringslivet i kommunen har ønskt å halde Næringskontoret vekke frå det kommunale byråkratiet. Dei vil ha raske beslutningsvegar og ein ubyråkratisk organisasjon. Vel og bra. Problemet er at det samla utviklingsarbeidet i Ørsta kommune då vert vanskeleg å koordinere. Det beste hadde vore om ein i eitt kontormiljø hadde både dei som skal peike på reglar og planar som ein må innrette seg etter, og dei som kan vise veg ut av reglane og planane og gje praktisk og finansiell hjelp. Ein kunne ha unngått mykje frustrasjon om ein i kommunen hadde ei nærings- og utviklingsavdeling der teknisk sektor var ein viktig del. Men skyt ikkje på byråkratane når fleirtalet av politikarane, og det etablerte næringslivet, legg opp til ei slik organisering av utviklingsarbeidet i Ørsta kommune. Slik eg ser det bør Ørsta Næringskontor trekkast tett opp mot kommuneadministrasjonen slik at handsaminga av næringssaker generelt og av nyetablerarar spesielt vert meir utviklingsorientert og ikkje så fokusert på reguleringar og restriksjonar som tilfellet er i dag.

Eldar Høidal

Distriktet.no

 



Del på sosiale medie:
| Meir...
Kommentarar
Legg til Søk
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."