Utflytting

Skriv ut
Share

Ta tak, raud-grøne regjering!

Den raud-grøne regjeringa vil gjerne stå fram som ei distriktsvennleg regjering. Men det er ikkje alltid at festtalar og regjeringsprogram samsvarar med den faktiske politikken. Stoltenberg-regjeringa, som no har site i over tre år, har til dømes gjort svært lite når det gjeld desentralisering av statlege arbeidsplassar. Talet på tilsette i departementa har auka med 250 dei siste tre åra. På same tid er det berre 40 offentlege arbeidsplassar som er flytta ut av Oslo-gryta.

Det er avisa Dag og Tid som i eit oppslag nyleg slår fast at den raud-grøne regjeringa ikkje når tidlegare arbeids- og administrasjonsminister Victor Norman til knea. Høgre-statsråden sytte i 2003 for at 900 statlege arbeidsplassar vart flytte ut i distrikts-Norge. Som vi hugsar førte utflyttinga til mykje bråk frå LO og andre arbeidstakarorganisasjonar. Også mange av dei som vart berørte av flyttingane reagerte negativt. Dag og Tid trur at ein viktig grunn til regjeringa sin utflyttingsskepsis er redsle for kva fagrørsla vil seie. Avisa skriv at av regjeringspartia er Senterpartiet positiv til utflytting, medan SV og Arbeidarpartiet, som står fagrørsla nærast, er i mot.

Det må vere litt flaut for ei uttalt distriktsvennleg regjering å bli slått på heimebane av ein blå statsråd. Distriktet.no ventar ei meir offensiv haldning frå regjeringa i dette spørsmålet no når vi går inn i det siste året i regjeringa sin første fire-årsperiode. Vi forstår at dei tilsette sine organisasjonar kjempar for å behalde fagmiljøa der dei er. Vi skjøner også skepsisen til dei tilsette mot å bryte opp frå etablerte arbeids- og bumiljø, og at flytting ikkje berre involverar statlege arbeidstakarar, men heile familiar. Men kvifor høyrer vi ikkje noko frå fagorganisasjonane når flyttinga går andre vegen, frå distrikta inn til Oslo? Det er mange familiar som er etablerte i distrikta som må flytte til overfylte byar fordi det er der arbeidsplassane vert bygde opp, private som offentlege. For mange står den sterke sentraliseringa i samfunnet fram som ei naturlov. Vi i Distriktet.no trur ikkje at det er slik. Har politikarane vilje kan vi saman snu tendensen til samanklumping av den norske busetnaden rundt Oslofjord-området. Vi ser dei mange uheldige konsekvensane av ei for sterk sentralisering, ved tilkorking i trafikken, auka forureining, auka rotlause, vekst i kriminaliteten, press og utstøyting i arbeids- og bumarknaden.

Sentraliseringsproblematikken kan ikkje løysast med utflytting av statlege arbeidsplassar åleine, men nokre må gå foran og vise veg. Vi veit at oppbygging av gode kompetansemiljø dreg med seg annan verksemd og at miljøa kan verke som katalysatorar for nærings- og kulturutvikling i dei regionane dei verkar. Vi ventar at den raud-grøna regjeringa no går fram som eit føredøme og pusser støvet av Senterpartiet sitt tidlegare slagord; Ta heile Norge i bruk!

Eldar Høidal
Sekr.
Distriktet.no



Del på sosiale medie:
| Meir...
Kommentarar
Legg til Søk
Distriktsvennlig regjering
Petter Vatn (Ip-adresse:85.167.40.xxx) 2009-05-07 22:45:33

Norge har ingen hovedstad, men har et land for hovedstaden. Dette er en politisk
ønsket situasjon som alle de største politiske partiene i Norge har arbeidet
for med stor stemmestøtte i distriktsbefolkningen. Via vår skatteseddel og de
offentlige budsjetter opprettes en pengestrøm som går fra hele Norge til det
sentrale Østlandsområdet. Penger har den bivirkningen at de skaper økonomisk
vekst, en vekst som kommer dit den positive pengestrømmen går. En tilsvarende
motsatt effekt får du der pengestrømmen går ut; man får redusert økonomisk
vekst. \r\nFordeling av økonomiske ressurser er en maktkamp. Problemet
for distriktene er at de ikke har en felles organisasjon som kan forene deres
krefter for å fremme egne interesser.\r\nI påvente av en organisasjon
som kan forene kreftene fortsetter den negative pengestrømmen, og flyttelassene
til ressurssterke ungdommer triller ut av bygd og by på vei mot bedre
muligheter i hovedstadsområdet. Disse unge menneskene er vår viktigste ressurs
for å bygge fremtida. Vi har investert store ressurser i dem; over
skatteseddelen har vi vært med å finansiere skolegang i grunnskole,
videregående skole, og høyere utdanning. Hva koster 17 års skolegang ? Når
"fellesskapet" har brukt så mye ressurser på dem er det fordi vi
venter en "avkastning" i form av at de skal bidra til samfunnet.
Desverre har vi en "hodestrøm" fra resten av landet til Oslo området.
Vi er med på å investere i de unges utdanning (vi tar utgiftene), mens
hovedstadsområdet høster avkastningen. Slik må det bli all den tid
pengestrømmen skaper bedre økonomiske vilkår på Østlandet. Victor Norman
har helt rett i sine konklusjoner. Vi må desentralisere både makt og
ressurser. Alle vet det. Alle i distriktene er enige, men vi makter ikke gjøre
noe med det. Vi mangler en organisasjon som kunne forene våre krefter i denne
kampen.
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."