Referat frå årsmøte i distriktet.no

Skriv ut
Share

Laurdag den 01.04.2011 var det årsmøte i distriktet.no i Bruksbutikken i Ørsta.

Eldar Høidal vart vald til ordstyrar under årsmøtet, og Roald Solheim vart vald til å føre møteprotokollen. Cecilie Rørstad og Ivar Johansen vart valde til å signere protokollen. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste.

1. Årsmelding.

Meldinga vart opplesen, drøfta og godteken.

2. Rekneskap.

Kasseraren la fram revisorkontrollert rekneskap for 2009. Årsmøtet godkjende denne. Kasseraren la også fram rekneskap for 2010. Årsmøtet gav det nye styret i fullmakt å vurdere rekneskapen når han er revisorkontrollert.

3. Kontingent.

Årsmøtet vedtok at medlemspengar framleis skal vere 200 kr per år per person.

4. Val.

Valde i styret vart:

Leiar: Petter Vatn (ny). Nestleiar: Cecilie Rørstad (attval). Kasserar: Ivar Johansen (attval). Skrivar/redaktør: Eldar Høidal (attval). Medlem: Marta Heimdal Leirvåg (ny). Medlem: Egil Berg (attval). Varaperson: Roald Solheim (ny).

5. Innkomne forslag.

Framlegg frå styret på ny organisasjonsmodell: Årsmøtet gjorde slikt vedtak om framtidig ny organisasjonsform for distriktet.no: Distriktet.no er ein nasjonal nettverksorganisasjon for distrikta i Norge. Det bør også gjenspegle seg mellom dei tillitsvalde i organisasjonen. Vi skal i tida framover arbeide for å organisere distriktet.no i fire regionavdelingar: Nord, vest, midt og sør. Ein får arbeidsgrupper i kvar region som har merksemd rundt saker som er aktuelle i det enkelte området. Styret i organisasjonen bør då ha minst eitt medlem frå kvar region. Ein kan evt. ha eit arbeidsutval for distriktet.no frå ein region, slik at fysiske møte vert lettare å gjennomføre. Den nye styret arbeider fram til neste årsmøtet for å finne den mest eigna organisasjonsmodellen for distriktet.no. Ny modell vert då teke opp til endeleg handsaming på dette årsmøtet.

6. Uttale frå årsmøtet.

Distriktet.no vil halde fram med å arbeide mot sentralisering og for desentralisering. Vi vil arbeide for at lokalsjukehusa må takast vare på og byggjast ut.

Vi vil jobbe for gode oppvekstmiljø, og for fleire og varierte arbeidsplassar i distrikta.

Vi vil peike på at reiselivsnæringa må få gode arbeidsvilkår, og ser på denne næringa som svært viktig med omsyn til arbeidsplassar no og i framtida. Som ein konsekvens av dette vil vi ta vare på den vakre naturen vår, og vi går sterkt mot unaudsynleg bygging av digre kraftlinjer. Vi er også opptekne av at vilkåra for småfehald må bli betre, slik at kulturlandskapet ikkje gror att. Vi går inn for at all matfiskproduksjon må overførast til landbaserte anlegg snarast råd. Det må bi lettare å få kjøpe gardsbruk eller tomter for dei som vil bu i distrikta. Utdelinga av Distriktsprisen skal halde fram.

Ørsta 01.04.2011

 

Roald Solheim

referent

 

Cecilie Rørstad            Ivar johansen

Sign.                            Sign.



Del på sosiale medie:
| Meir...
Kommentarar
Legg til Søk
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."